top of page

Oldemors Hage

Velkommen til familieidyll og lykkelige barn, til late dagar på bryggekanten, og dagar der du får fri fra tidklemma og kvardagens jag. Velkommen til oss og til Oldemors Hage. 

Fra 01. juli står Oldemors Hage klar til å ta i mot sine første gjester. Huset er totalrenovert i 2013, og sjølv om alt er nytt og moderne er respekten for det gamle huset blitt bevart i deler av det. Her søv ungene på kammerset på loftet ( 2+3 senger per kammers), oldemors soverom i hovedetasjen inneholder dobbelseng og barneseng. Ellers er alt i huset nytt for sesongen, og klar til å ta i mot dåke.

Det som gjør Oldemors Hage unikt er beliggenheten. Huset ligg 5 meter fra sjøen, og her er kai, strand, svaberg, og sjølvsagt Oldemor sin hage med gamle krokete frukttrær. Det er fiskemuligheter på alle kanter, bademuligheter i lune viker, og om du vil oppleve nordsjøen og storhavet er det kun 5-10 min unna. Ein 14-fots båt med påhengs inngår i leigeprisen. Og me jobbar med å finne ein litt større som du kan leige pr dag eller pr veke om du vil på lengre turar.

Området rundt Oldemors Hage er ein rolig og idyllisk plass. Det er en halvøy 5 minutter unna øya Bømlo sitt kommunesenter, der du finner det meste du trenger. 

Oldemors Hage befinner seg midt mellom Bergen og Stavanger. Øya Bømlo har ein sterk historie, og det er mykje å sjå. Om du vil ha fleire muligheter ligg Oldemors Hage såpass gunstig til at det finnes mange muligheter for dagsutflukter i både Haugesund, Stord og Hardanger, Bergen og Stavanger.

Aktiviteter

 

 

 

 

Det er mykje å finne på under oppholdet i Oldemors Hage. Rett nedforbi huset er det strand, svaberg, brygge og båt som inngår i leigeprisen. Fisken bit godt uti fjorden, eller ein kan ta båten ut på storhavet om ein ønsker det. Eit besøk til Kulleseidkanalen gjestehavn er absolutt til å anbefale. Der er det nyrenovert restaurant, kiosk m.m. Eit kvarter å gå langs vegen ut mot hovedveien ligg Alvsvågvatnet, der det finnes både sandstrand og stupebrett. 10 min å gå andre vegen finn ein Alvsvågløypa. Ei turløype der du går langs sjøen store deler, og avslutter med eit gammalt gruveområde, som i seg sjølv er verdt eit besøk (ei av gruvene kan du gå inni). Ellers har Bømlo mykje spennande å by på. Øysamfunnet Espevær er sommaridyll på sitt beste, Mostraparken med landets eldste kyrkje er absolutt verdt å få med seg, her kan ein være heldig å få med seg ein av dei mange oppsettingane Bømlo Musikallaug set opp. Me må nevne landemerket Siggjo, som ruvar høgt over havet der du får ei spektakulær utsikt når du når toppen.

 

Om du er ute etter fleire eventyr ligg Bømlo ideelt til i forhold til dagsturer. Stord har mykje spennande å by på, Haugesund kan by på shopping, kultur og vikinghistorie, Hardanger med sin fantastiske natur og bla Mikkelparken. Bømlo ligg midt mellom Bergen og Stavanger så ein dagstur hit kan også være noko å vurdere.

Til teneste

 

Priser og Informasjon:

 

I høgsesongen (skuleferiar) tar me 7500 kr pr. veke. Ei veke går frå fredag til fredag, utenom sesong er prisen pr veke 5500. Ta kontakt om du ønsker weekendopphold.

 

 

Me som står bak Oldemors Hage har eit oppriktig ønske om at våre gjester skal ha eit unikt opphold. Me veit sjølv korleis det er å reise mange i lag, enten det er med unger eller voksne, komme til ein ny plass , lokalisere matbutikken, krangle om kva ein skal kjøpe, kin som skal kjøpe.....og ja- sånn det alltid blir. Me kan gjere det enkelt for dåke. Om du mailar handlelista til oss, fyller me opp kjøleskapet for dåke slik at alt er klart når dåke kjem. 500 kr+handleutgifter

 

Me kan og tilby ein velkomstpakke som inkluderer levande blomster, vin etter ønske og fruktfat. Minstepris 500 kr.

 

Om dåke ønsker det tar me utvasken for deg. Om du tar av sengklær, kaster boss i bossdunker utenfor døra og støvsuger gjer me resten for 500 kr. 

 

 

Ring oss for bestilling:

48 11 69 30

© 2023 by SEA B&B. Proudly created with Wix.com

Follow Us:

  • w-facebook
  • Twitter Clean
bottom of page